Den Snilde Guten (исполнитель: Ketil Bjørnstad, Lynni Treekrem)

Det er han Jon som gjætte her til no,
den eldste Son hans Aamund upp i Bròtet;
dei øygnar Garden langt burti ei To
som hev seg inn i bratte Berget skoti.
No er han glad for her han skal ifraa;
han er alt vaksin og skal ut og slaa. 

Hans unge Andlit er so godt [bad word] 
med ljose Luggen tett um [bad word] 
paa Lippa smiler Tennane i Munnen.
Som Killing lett han hoppar Stokk og Stein
og synger Kvat og lær aat alle Mein. 

No skal han fylgje denne fyrste Ykti
og vise henne Veg og Merke-Leid,
so ho kann kjenne denne ville Heid
som aldri noko Folk hev butt [bad word] bygt i.
Med nye Buskap maa ho òg bli kjend;
til framand seint vert Dyrehugen vend.

So driv dei Buskap fram i Morgon klaare
i Luft so rein som aldri fyrr ho saag;
det er som Urd og Koll utsona laag
i Glans av dette Ljos fraa Himlen bòri.
Ho drikk den lette Luft i djupe Drag
og syger Liv av denne Herrens Dag. 

Han syng og blistrar, driv, og stunfom røder,
halvt gutebljug, halvt mannsleg klok og kaut;
det gjeng um Vêr og Vind og Sol som gløder,
um Fjelli her og desse snilde Naut.
Han mangt fortel um kvart og eitt av Dyri.
Men mest han veit um «Dokka», Bjøllekyri.
 
Og fri og glad og reint som kjend ho blir,
og svallar med i denne gode Trygdi;
han hev kje denne halve, kalde Flir
som desse tunge Gutar nedi Bygdi.
Han nemner henne beint og godt og greit;
Haugtussa-Namnet visst han aldri veit. 

Han syner henne Gjætle-Berg og -Bekk,
og Svartedalen lang med Kvervesteinen,
som stundom snur seg, plent som Liv han fekk,
og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen.
Men der i grøne, svale Bjørkelid,
der hev det ein Gong vori Bjørnehi'. 

Ho spyrr som halvt i Skjemt um her er Troll;
«aa ja,» han svarar utan Spott i Tanke;
«det bur nok sumt i baade Kuv og Koll;
men meir det sviv ikring paa Videvanke.»
Og no ho vìta fær at Jon er klok;
han grev i Kufta si og finn ei Bok. 

«Kann hende [bad word] du kje at slikt kann finnast?»
- det kjem eit [bad word] Drag um Munnen fjaag -;
«men meir enn ein eg veit som vel kann minnast
at slike Ting han klaart med Augo saag.
Og her i denne Bok eg ein Gong fann
du skal faa sjaa at denne [bad word] er sann.» 

Det er so knapt ho kann si Glede styre.
Att-under Stein dei sèt seg baae tvo;
her Ku og Smale gjeng so godt i Ro,
so no dei kann seg trygt med Kunnskap hyre.
Ho ser paa Jon mjuk i sitt Augnelag.
At Dreng kann vera ven ho veit i Dag. 

Han les i Boki svart som bakt i Jord,
og d'er visst lengi sidan dèr han stikta;
der stend um Nykk og Troll med reine Ord;
og daa me veit det kann kje vera dikta.
Kvart Ord ho syp, og lyder [bad word] og ant,
og lær og ropar: «sjaa um d'er kje sant!» 

No kann dei lengi nok faa læ og flire;
det stend i Boki; og han Jon det [bad word] 
- So glade sìt dei saman der i Urd,
og Sogur gjeng, og dèr tarv ingin fire.
Og Nistematen saman gneg dei paa;
Jon sìt og sìt og gløymer reint aa gaa. 

Med undring høyrer han det store Ord,
at um han Tagnad [bad word] vil ærleg lova,
so er ho sjølv av desse faa paa Jord,
som hev den underfulle Synegaava.
Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt.
Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt. 

So lid det til; dei tenkje maa paa Klokka.
Det er alt seint; ho er visst mote sju.
For siste Gong han helsar Sau og Ku
og kjæler kjærleg for den blide «Dokka».
So maa han gaa. Aaleine stend ho der.
- Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.
Послушать/Cкачать эту песню
Mp3 320kbps на стороннем сайте

Открытка с текстом :
Удобно отправить или распечатать
Создать открытку
У нас недавно искали песни:
DJ YAYO  Джули Джулия Батыр  Ый кыыьа олох эргиирэ  Бодлер падаль  Воровки-вороваечки Воровайки  Солдатский сон Егор Летов Коммунизм 
О чем песня
Ketil Bjørnstad, Lynni Treekrem - Den Snilde Guten?
2020 © Tekstovoi.Ru Тексты песен