Отсутствует (исполнитель: Неизвестен)
Jarnnetter nærmar seg Stivna står skogen og bier Over dei langsynte lier Over dei stirrande tjern Alt som kan gløda det gløder Langs einsame stiar Bær sin haust som ein byrde Av glødande jarn Bær du jarnbyrd mitt land? Over glødende esser Driv det skodde som virøyk Mens haustvinden messer Bær du jarnbyrd mitt land? Er det kongsblod som ulmar Brenn som som flammande purpur Der blodåra svulmar Jarnnetter melder seg Mørke med isgufs av døden Tunge er jarna Svarte og kalde Men gløden Bur i all brennande ånd Sjølv gløder ånda sin byrde Og sjølv må den bæra Jarnbyrden kanskje til døden Som løyser dens bånd Bær du jarnbyrd mitt land? Som ei kongsmor din like Bar dette brennande purpur For retten til riket