Blåmann Blåmann (Music - Anne Haavie - 1870, lyrics - Aasmund Olavsson Vinje - 1860) (исполнитель: Herborg Kråkevik)
Blåmann, Blåmann, bukken min, tenk på vesle guten din! Bjørnen med sin lodne fell kan deg taka seint i kveld. Gamle Lykle, moder di, seint kom heim med bjølla si. Så ikring seg ho mund' sjå liksom der var fare på. Det såg ut som der var naud, kanskje no du ligger daud. Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde då med deg. Når eg låg som blind og dauv, grov du på meg med di klauv; ja, du ville vekkja meg opp til leiken din med deg. Du var sprek og glad og god, all mi ros du vel forstod. Tidt du veit eg sa til deg: «Han veit meir enn mata seg.» Blåmann, Blåmann, svar meg no, mekra med ditt kjende ljod! Ikkje enno, Blåmann min, må du døy frå guten din.